
Jostedalsbreen er i fare!
Planane om ei gondolbane frå Kjøsnesfjorden til Tverrfjellet opnar døra for utbygging og kommersialisering av eit av dei mest verdifulle naturområda vi har.
Me må organisere oss og legge press på politikarar, forvalting og utbyggjarar for å stoppe øydelegginga.
Me har to mål:
1. Stoppe planane om gondolbane frå Kjøsnesfjorden til Tverrfjellet.
2. At det vert oppretta ei varig buffersone med byggjeforbod rundt nasjonalparkane våre.
Me treng deg på laget!
Om gondolplanane
Det er planar om å byggje ein gondolbane frå Lundebotn ved riksveg 5 opp til Tverrfjellet, med ein nedre stasjon med tilkomstveg, parkeringsanlegg og eit formidlingssenter. Sjølve bana skal ha fleire mastepunkter, og den øvre stasjonen er planlagd like utanfor grensa til Jostedalsbreen nasjonalpark, i randsona av det verna området.
Om Jostedalsbreen
Jostedalsbreen nasjonalpark er eit av dei største villmarksområda i Sør-Noreg, og strekker seg over 1315 kvadratkilometer mellom Sognefjorden og Nordfjord – to av verdas lengste fjordar.
Om oss
Redd Jostedalsbreen er ei forening organisert for å kjempe for å verne om Jostedalsbreen som han er.