Om gondolplanane

Det er planar om å byggje ein gondolbane frå Lundebotn ved riksveg 5 opp til Tverrfjellet, med ein nedre stasjon med tilkomstveg, parkeringsanlegg og eit formidlingssenter. Sjølve bana skal ha fleire mastepunkter, og den øvre stasjonen er planlagd like utanfor grensa til Jostedalsbreen nasjonalpark, i randsona av det verna området.

Prosjektet, kalla "Jostedalsbreen Gondol", er initiert av Jostedalsbreen AS og er tenkt som eit heilårsanlegg med 75 000 besøkande årleg. Utbygginga er planlagd i Sunnfjord kommune.

Jostedalsbreen nasjonalpark er verna for å ta vare på eit av dei største og mest varierte breområda i Europa – i mest mogleg naturleg tilstand. Gondolplanane strir direkte mot dette føremålet.

Anlegget vil føre til:

  • Nedbygging av urørt natur

  • Tap av sjeldne og sårbare naturtypar

  • Auka ferdsel og forstyrring for dyrelivet, mellom anna villrein

  • Støy, lysforureining og synlege inngrep i eit landskap som i dag framstår som villmark

Vi i Redd Jostedalsbreen meiner dei negative konsekvensane er for store. Nasjonalparken og randsona rundt må få vere i fred – for naturen, dyrelivet og komande generasjonar.

Prosjektet må stoggast.
Naturen rundt Jostedalsbreen er ikkje ei kulisse for masseturisme – ho er ein livsnødvendig del av vår felles naturarv.