God sommar!

Vi er overvelda over engasjementet vi har fått etter vi starta kampanjen. Det er motiverande og kjekt at det er mange som bryr seg om å ivareta naturen vår.

Det gir oss giv til å fortsette arbeidet med å stoppe gondolplanane i Kjøsnesfjorden. 

Det har komme motsegn frå Vestland fylkeskommune, NVE, Statens vegvesen og Statsforvaltaren i Vestland til gondolprosjektet. Det er vanskeleg å sjå for seg at Sunnfjord kommune kan trosse desse motsegna og fortsatt gå fram med planane om gondolutbygging. No håpar vi at politikarane tek til fornuft og skrinlegg planane.

 Til hausten ynskjer vi og å tydeleggjere og kommunisere ut kampanjens andre mål: 

"At det vert oppretta ei varig buffersone med byggjeforbod rundt nasjonalparkane våre"

Det er ikkje berre viktig at gondolplanane i Kjøsnesfjorden stoppast, men at det kjem fram at vi ikkje ynskjer nedbygging av urørt natur i det heile. Og at vi ynskjer politikarar som ser verdien av naturen vår og vil ivare ta den slik den er.

No tar vi ein liten sommarpause i arbeidet, vi har mange tankar og planar om kva vi skal gjere i løpet av hausten for å halde trykket oppe. Vi er tilbake i slutten av august. 

God sommar, håpar dykk nyt natur utan store inngrep og masseturisme 💚


Sommarhelsing frå oss i Redd Jostedalsbreen!

Next
Next

Vi protesterte utanfor kommunestyremøtet i Førde.