Vi protesterte utanfor kommunestyremøtet i Førde.
Vi var 30 stykk som samla oss utanfor kommunestyremøtet i Førde. Dette var ein stille protest, men eit tydeleg signal til politikarane om kva vi meinar om gondolplanane. Sjølv om gondolen ikkje var på saklista denne dagen, ynskte vi likevel å synleggjere motstanden som bygger seg opp mot prosjektet for politikarane – og gje dei ein liten smakebit på kva som ventar dei til hausten når prosjektet skal opp i kommunestyret.
Etter møtet gikk vi samla flokk til rådhuset for henge opp SOS Jostedalsbreen-bildet på veggen utanfor. Dette bildet er ein påminnelse om kva vi står i fare for å miste dersom dette prosjektet går gjennom. Ikkje uventa ryktast det at bildet vart tatt ned kort tid etterpå… Om nokon har lyst å hjelpe oss med å få det opp igjen på rådhusveggen, ta kontakt så sender vi det eit trykk som du kan henge opp!
Målet med kampanjen Redd Jostedalsbreen er å bygge opp motstand mot gondolen før det er for seint. Forrige veke var eit godt døme på at dette er mogleg, og vi ser fram til auka mobilisering etter sommarferien. Vil du vere med og hjelpe til med noko i kampanjen? Svar på denne e-posten, så tar vi kontakt med deg.
Tysdag kom det gode nyheiter frå Sunnmøre og ein viktig siger for naturen! Det vert ikkje gondol på Sulafjellet!
Kommunal- og distriktsdepartementet har gitt eit endeleg nei til gondolplanane på Sulafjellet. Dei konkluderar med at prosjektet er i for stor konflikt med viktige natur-, landskaps- og friluftsinteresser. Kommunal- og distriktsminister Kjersti Stenseng la det fram slik: "I dette tilfellet veg dei negative virkningane av inngrep og auka ferdsel i eit viktig natur- og friluftsområde tyngst.”. Denne avgjersla kjem etter fleire års kamp frå lokalbefolkning og naturvernarar som har kjempa for å bevare det utrørte naturområdet på Sulafjellet.
Sula-saka viser at det er mogleg å stoppe slike utbyggingsprosjekt når vi mobiliserar og kjempar for naturen. Dette gir håp, men vi må fortsette å halde presset oppe og kjempe imot dei komersielle kreftene som ynskje å bruke naturen som pengemaskin for eiga lomme.
Mitt namn er Åsmund, eg flytta til Sogndal for 11 år sidan.
Eitt av dei første minna mine frå Jostedalsbreen er frå då eg som åtteåring blei sett åleine på bussen frå Oslo til Sogndal. Der blei eg henta av onkelen til mamma, som tok oss vidare inn til Tungestølen i Veitastrond – til den vesle hytta han og tanta til mamma hadde der inne. Onkelen min hadde jobba som breførar, og han tok meg med inn på blåisen på Austerdalsbreen. Der fekk eg sjå korleis brefalla Tor og Odin stuper ned frå breplatået før dei samlar seg i dalen under. I løpet av den veka eg var på besøk, fekk eg ein første smakebit av det ville, utemja terrenget som fins her – rundt den største isbreen på det europeiske fastlandet.
Kvar dag forsvinn natur – stille, nesten umerkeleg.
Eit hjørne av skogen her, eit myrområde der. Bit for bit blir dei ville områda mindre. Det skjer ikkje med eitt stort hugg, men gjennom mange små, politiske vedtak. Til saman gjer dei landskapet fattigare – for villreinen, for gaupa, for jerven – og for oss.
Dette skjer i naturens namn – men endå oftare i økonomiens.
Vi får høyre at det skal «auke skatteinntektene», «skape arbeidsplassar» og «bidra til lokal verdiskaping». Men bak dei fine formuleringane skjuler det seg ofte noko anna: jakta på profitt for nokre få. Naturen, som eigentleg tilhøyrer oss alle, blir ofra for kortsiktig vinning.
Jostedalsbreen nasjonalpark er eitt av dei siste store, samanhengande villmarksområda vi har igjen i Sør-Noreg.
Her er det framleis mogleg å gå i dagar utan å krysse ei veglinje, utan å høyre støy frå motorar, utan å møte anna enn stein, is, vatn – og vill natur. Det finst ikkje mange slike stader att. Difor kjenner eg eit ansvar for å verne det. Dette området er ikkje berre eit stykke imponerande landskap – det er eit rom for stillheit, undring og fridom, både for menneske og dyr. Å kjempe for det handlar ikkje om nostalgi, men om å ta vare på noko som ikkje kan byggjast opp att når det først er borte.
For meg er dette verdt å kjempe for, takk for at du også engasjerar deg!
Vennleg helsing,
Åsmund Skancke Karlsnes